På pallen i Saksa-løpet

Anniken HJellbakk Hole, Sunnylven IL, på andre plass i motbakkeløpet Saksa opp. (Foto frå arkivet)

Både Anniken Hjellbakk Hole og Kari-Anne Tryggestad Ryste klatra på sigerspallen under nyskaparen av motbakkeløp, Saksa opp på Urke i Hjørundfjord.

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL stilte opp i motbakkeløpet Saksa opp laurdag. Det vart ein sterk 2. plass. Dameklassa talde 11 løparar og vinnar vart Lucy Lancus på 56.16. Anniken kom i mål i den 4.2 km. lange løypa frå kaihuset på Urke til målgang på toppen 1040 meter o.h. på 57.11.

Kari-Anne Tryggestad Ryste, også Sunnylven IL vart vinnar av klasse 50-54 på 1.06.25. I herreklassa vart det lokal vinnar med Andreas Skylstad, Norangdal IL på 44.38.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380