Lokalnytt

Pyntar opp kring Gamleskulen

Uteområdet er utflata og ein natursteinmur markerer eigedomsgrensa.

Ved Gamleskulen på Hellesylt har uteområdet blitt tilstelt. Snart blir det sådd plenfrø for å få området grønt til våren.

Gamleskulen Aktivitetsmuseum steller pent med og pyntar opp kring den gamle skulen i Hellesylt sentrum. Foreininga overtok eigedomen frå Stranda kommune i 2012 og i åra etter har det blitt utført mykje vedlikehaldsarbeid. Mange timar har blitt gjort på dugnad, og ein god støttespelar økonomisk har vore Sparebanken Møre, også no med tilstelling av uteområdet.

Ljos og varme

Fyrste vart taket på huset fornya, og i fjor vart heile skulehuset måla utvendig. Også inne har det blitt gjort utbetringar med nye, gamle fyllingsdører som er måla, og det er installert ljos og varme i sjølve skulestova.

Tidlegare i år vart eigedomsgrensene oppmålt og stadfesta. Rundt skulehuset var det ujamt og hallande, men no har altså Hellesylt Bil & Maskin mura ein liten natursteinsmur i bakkant, flata ut området og køyrt på jord. Det er klart for finpussig og tilsåing med plenfrø.

Gamleskulen på Hellesylt som er 120 år i 2018 har blitt ei perle i sentrumsområdet, ei gamal, vakker bygning med mykje historie i veggane.

Hellesylt Bil & Maskin utførte jobben og køyrde til matjord til toppdekket.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380