Raus gåve frå Sparebanken Møre

Tok mot pengegåvene, frå høgre Magne Brekke, Ivar Fivelstad, og Per Ingebrigt Karbø frå idrettslaget. Bak frå høgre Stig Tryggestad, Rita Rudning Røyrhus, Annvor Tryggestad.

Sparebanken Møre støttar dei tre delprosjekta i Hyttehola fleirbruksanlegg med til saman 700.000.- kroner. Ei nesten uvirkeleg flott gåve for mottakarane som både jubla og applauderte.

-Vi i Sparebanken Møre vil støtte opp under dugnadsånd og tiltakslyst, for slike prosjekt gjer bygdene trivelege å bu i. Om lag slik ordla banksjef Stig Tryggestad seg då han og tilsette møtte opp med kake og store pengebidrag til utbygginga i Hyttehola.

Utbygging av Hyttehola fleirbruksanlegg pågår for fullt. Mykje av arbeidet blir utført på dugnad, men også ein del leigd arbeidskraft må nyttast. Til jul skal det tredje delprosjektet til Sunnylven Idrottslag og Sunnylven skyttarlag i Hyttehola vere under tak og ferdig til bruk, fekk vi opplyst under gåveoverrekkinga tysdag denne veka.

Levande dugnadsbygd

På byggeplassen i Hyttehola troppa tre tilsette frå Sparebanken Møre på Hellesylt opp med bevis på økonomisk støtte til «byggherrane», idrottslaget og skyttarlaget. Og det var ikkje småpengar som vart overrekt frå banksjef Stig Tryggestad, Rita Rudning Røyrhus og Annvor Tryggestad. Banksjef Tryggestad sa at sparebanken set stor pris på bygder der dugnadsånda lever, noko den verkeleg gjer i Sunnylven. Det er ei lita bygd der alle går i lag når store felles oppgåver skal realiserast, noko som er viktig sjølv om det fører med seg mykje mas. Tryggestad sa anlegget var eit tiltak sparebanken ville støtte og han håpa det vart til glede for mange i begge laga.

Jubel for pengestøtta

Dei tre overrekte bevis på gåvepengar til tre delprosjekt i Hyttehola Fleirbruksanlegg, til ny emit/speakerbu 100.000.- kroner, til garasje for trakkemaskina 100.000.- kroner, og til standplass/hovudbygget 500.000.- kroner. Det vakte stor begeistring og applaus då beløpa vart kjende.

Magne Brekke og Ivar Fivelstad har begge jobba mykje med realisering av anlegget i Hyttehola som med dei nye bygningane vil stå fram som eit praktanlegg for skyting, langrenn og skiskyting. Fyrst kom eit nytt tidtakar og speakerbygg, så vart det reist garasje for trakkemaskina, og no håper Brekke og Fivelstad at hovudbygget på 330 kvadratmeter er ferdig til jul. Der kjem standplass for skyting, lager, garderobe, to dusjar, tre toalett, teknisk rom, kontor, kjøkken og varmestove. Store portar tettar heile standplassen som då blir rom for skismørjing.

Håper på spelemiddlar neste år

Heile anlegget er kostnadsrekna til 4.8 mill. kroner og er tenkt finansiert med spelemiddlar, momskompensasjon, rabattar, eigne middlar og gåvemiddlar, og dugnad. Tiltaket kjem opp på andre plass på prioriteringslista i Stranda for spelemiddlar. Skyttarlaget og idrettslaget håper på tildeling i 2018.

Kaffipause for dugndgjengen

Hovudbygget i Hyttehola fleirbruksanlegg. Fem meter djup var myra før dei fann fast grunn for bygget.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380