Restaurering blir markert
Storfjordens Venner er ferdig med gjenoppbygninga av stovehuset på Kurlå like forbi Åseneset. Onsdag 13. september blir det markering av fullført restaurering.
Storfjordens Venner har sendt ut invitasjon til markering av at husmannsplassen Kurlå ved Åseneset no er ferdig restaurert. I tillegg til styret i verneorganisasjonen er presse invitert, grunneigar av Kurlå Aase Turid Husøy, avdelingar hos fylkesmannen og fylkeskommunen, handtverkarar og representantar for Sunnylven skule.
På Kurlå blir det orientering om husmannsplassen og folket som budde der, om restaureringsarbeidet og visning av huset. Det er også lagt opp til enkel servering.
Etter råsa frå Korsbrekke mot Åseneset tek gåturen til Kurlå om lag ein halv tine. Dersom ein ønskjer båtskyss må ei melde frå om dette på tlf. 970 77 165.
Storfjordens Venner ønskjer vel møtt til markering på Kurlå onsdag 13. september kl. 17.00.