Notiser

Saudehaudfest i oktober

Det nærmar seg årets store festmåltid, servering av salta, tørka og kokte saudehaud og andre gosaker på Sunnylvsbygda grendahus.

Sunnylvsbygda grendahus har «pynta seg» utvendig til årets saudehaudfest. Men gråfargen er langt frå symbolsk for opplevingane som blir laurdag 28. oktober. Då blir det servert både faste og flytande delikatesser, tilbereda på og av dei beste råvarene og kokkane bygdarane kan skaffe fram.

Om du ikkje likar at sauen «gløser» på deg frå tallerkenen, kan du forsyne deg av anna tradisjonsmat, kokmør frå Ole Ringdal AS, kålrot og poteter.

Grunna andre arrangement blir saudehaudfesten 2017 arrangert laurdag 28. oktober. Ring og meld deg på alt no, for i fjor kom nær hundre personar, det meste grendahuset kan sesse til bords.

Påmelding seinast torsdag 26. oktober til:

Oddbjørg Stadheim, tlf. 408 41 702

Olav G. Lade, tlf. 918 93 177

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380