Skaut storebukken i Holedalen
Det grøne graset på fordyrkarfeltet i Holedalen var fristande, men der enda livet for storebukken på 155 kilo.
Jæger Alf Ole Sundgot har truleg årets største hjort i Stranda så langt. For vel ei veke sidan skaut han ein tolvtaggar på fordyrkarfeltet i Holedalen i Sunnylvsbygda. Vekta stoppa på 155 kilo, fortel jægeren som tok seg ein god amerika-ferie etterpå. Kor gamal kornhjorten var veit han ikkje.
Det er delt ut rekordmange fellingsløyver i Stranda i år. Hjortestamma er stor og vektene på felte dyr er lave. Men det finst unntak som kronhjorten i Holedalen og Øvre Sunnylvsbygda hjortevald. Der er det felt 25 dyr så langt, men framleis har jægerane mange fellingsløyver igjen, får vi opplyst.
(Alle foto: Privat.)