
Costa Magica, ein av dei største cruisebåtane la til ved Hellesylt kai måndag ettermiddag. 13. september kjem den siste denne sesongen.
Ein lang sesong med cruisebåtar er snart omme. I følgje cruiselista har 117 båtar vore innom Hellesylt, og 182 i Geiranger denne sesongen. For Hellesylt er det ein auke frå 2016 på fire anløp.
No er det berre tre båtar igjen til Hellesylt i år, MSC Fantasia 5. september, Costa Favolosa 11. september, og Balmoral 13. september.
Til Geiranger er det sju anløp igjen, den siste er Columbus 29. september med 1817 passasjerar om bord.