Notiser

Solsikker (Helianthus annuus)

Av to små frø har desse solsikkene vokse fram i sommar. Kontrollmåling viste at den til høgre var 2.88 meter, og solsikka til venstre med flott rose målte 2.76 meter.

I følge Wikipedia kan solsikker bli over tre meter høge. Dei trivast best med sol og i varme over 20 grader. Og for å vekse seg store krev solsikker mykje vatn og næring. Storleiken på desse to er vel bevis på at sommaren 2017 ikkje var så aller verst.

Om nokon har dyrka fram liknande eksemplar, eller enno høgare er vi interessert i å høyre om det.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380