Spektakulære TV-serie frå Helsetkopen

Ekkofilm As har valt mellom anna Helsetkopen når dei skal vise TV-sjåarane kva spektakulær natur Norge har å by på. Dei søkjer Stranda kommune om løyve til bruk av helikopter under filminga. (Foto frå arkivet)

Ekkofilm AS har søkt Stranda kommune om landingsløyve med helikopter på Helsetkopen. Selskapet skal gjere opptak til ein TV-dokumentar.

I samband med innspeling av ein TV-serie med basehopparar i spektakulær natur søkjer Ekkofilm AS om løyve til bruk av helikopter til og frå fjellet Helsetkopen i Sunnylven. Serien blir spela inn for Discovery Network Norway og TV-kanalen MAX, og filminga skal foregå i september eller tidleg i oktober i år.

Filmselskapet Ekkofilm AS skriv i søknaden at for å gjennomføre innspelinga er dei avhengig av helikoptertransport til frakt av utstyr, filmcrew og basehopparar til og frå Helsetkopen. Opptaka vil kunne gje god marknadsføringseffekt for turistnæringa, både lokalt og nasjonalt. Og om det er ønskjeleg kan dei tilby Stranda kommune å få bilete til fri bruk av dei som ikkje blir brukt i serien, heiter det i søknaden.

Ekkofilm AS samarbeider med helikopterselskapet Airlift og søkjer om løyve til ti løft med helikopter ein dag i perioden 22. september – 08. oktober 2017. Nøyaktig dato er uråd å fastsete då verforholda er avgjerande for når filming kan gjennomførast, heiter det.

Filmselskapet har fått godkjenning frå grunneigarar på Helset til bruk av helikopter på deira eigedomar, to dagar i den aktuelle perioden og under føresetnad av helikopterløyve frå Stranda kommune.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380