Spela inn Kvikk Lunsj-reklame

For eit par veker sidan vart turgodisen Kvikk Lunsj profilert i ein reklamesnutt som kvikk og uunverleg på tur. Opptaka vart gjorde i Sunnylven og nærområdet.
Forteljinga om kjekssjokoladen som blei produsert fyrste gong i 1937 og som unge og eldre nordmenn, danskar og svenskar ein eller annan gong har hatt og vil ha i tursekken og kosa seg med, er «hovudpersonen» i reklamefilmen. Gjennom knapt eit minutt vil Kvikk Lunsj bli presentert på TV, internett og andre kanalar som fristande god. Reklamesekvensar har blitt spela inn på fleire stader, gamle Strynefjellsvegen, Dalsnibba, og i Sunnylven på Ljøen og på Frøysa.
Historia til reklamefilmen fortel om ei ung, blond jenta, spela av Kine Nymo som dreg på tur. Ho går i vakker natur, møter husdyr og endar på ein fjelltopp (Kløyvingsnibba i Sunnylven)med storslagen utsikt. I tursekken er naudsynt turutstyr, og Kvikk Lunsj-sjokoladen.
Reklamefilmen skal vere ferdig til visning i desse dagar.