Sprang Trondheim Halvmaraton

To blad Aaland, Olav Erling t.v. og Gisle Hallstein sprang Trondheim Halvmaraton søndag og kom høgt på resultatlistene. (Foto: Privat)

Trondheim Maraton vart arrangert for 49. gong søndag. Frå Sunnylven IL deltok far og son Aaland på halvmaraton og gjorde det skarpt.

Olav Erling Aaland deltok i klasse M23 – 34 med rundt 350 som stilte til start. Han kom i mål til 26. beste tid i klassa, 1.25.58. (Nr. 54 totalt av 950 som fullførte halvmaraton)

Gisle Hallstein Aaland hadde litt færre deltakarar i si klasse M 55 – 59. Forma er tydeleg vis bra og lovar godt for nytt Birken-renn til vinteren. Gisle gjorde unna rundt 21.0 km. på brustein og asfalt på 1.44.03. Det gav 13. plass av rundt 50 i klassa. (391. av alle som fullførte halvmaraton)

Knut Anders Hatlen, Stranda IL kom i mål til sterke 17. plass i Trondheim Halvmaraton på 1.18.42.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380