Stor aktivitet i sola

På asfalten fram for Coop Marked hadde stemnedeltakarane danseframvising. Men publikum var der få av.

I motsetning til fredag kveld kom sola på Hellesylt laurdag morgon. Dagen var full av aktivitetar for deltakarane i Sunnmørsstemnet.

Det var bebuarane på Sunnylven omsorgssenter som fekk fyrste besøk av danseglade born. Deretter vart det ny opptreden i gata ved daglegvarebutikkane, både med og utan musikk. Her svinga meir enn 130 born seg i både vals og polka, og andre danserytmer. Wenche Høgalmen Ringdal og Marianne Fivelstad organiserte den store dansegruppa og alle fann sine dansepartnarar

Det vart mykje glad stemning på asfalten der publikum var alt for få. Kanskje skulle tidspunktet vore kunngjort litt betre.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380