Sunnylven pensjonistlag markerar eldredagen

 

Søndag 1. oktober inviterar Sunnylven pensjonistlag til triveleg fest og markering av den internasjonale eldredagen 2017.

Også denne gongen vartar pensjonistlaget opp med minnerik servering, både for smakssansar , auge og øyre. Menyen er nydeleg sosakjøt med tilbehør, det vert spanande kåseri ved Per Svein Tandstad, og sjølvsagt musikalske innslag av høg kvalitet. Til slutt blir det høve til å teste vinnarlukka ved den faste tombolaen.

Vermeldinga lovar godt haustver på søndag. Legg søndagstrimmen til tidleg på dag og avslutt med markering av eldredagen 2017 med Sunnylven pensjonistlag som vertskap. Festen på kyrkjelydshuset startar klokka 15.00 og varer eit par timar.

Både tidlegare og nye medlemmar er hjarteleg velkomne, skriv leiinga i kunngjering til festen.

Pris for alt, kr. 100.-

Påmelding til: Odd Jostein, tlf.957 52 330

Astrid, tlf. 906 75 234

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380