Lokalnytt

Ankrar ved Hellesylt cruisekai

Også i vinter blir Hellesylt cruisekai hamn for eit nytt offshorefarty. Fredag eller laurdag kjem Fugro Saltire frå Forland Shipping.

Driftssjef i Stranda Hamnevesen KF Inge Hole stadfestar at det kjem skip til Hellesylt Cruisekai for å ankre opp, truleg over vinteren. Det er 111 meter lange og 24 meter breie Fugio Saltire som vil legge til kai fredag eller laurdag denne veka.

Båten blir kanskje liggande heilt fram til 1. mai 2018, seier Inge Hole.

Hellesylt cruisekai har vore hamn for offshoreskip i vinteropplag også dei to siste vintrane, noko som har lyst opp i kaiområdet i mørke vinterkveldar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380