Lokalnytt

Auke i cruisebåtanløp

Balmoral var siste cruisebåt på Hellesylt i år 13. september. 13. mai er båten tilbake som fyrste i ein lang cruisesesong.

I 2018 får Geiranger besøk av 190 cruisebåtar, og til Hellesylt kjem 129. Begge stader er det god auke frå i år.

2018 blir ein lang og god sesong med cruisebåtar til Hellesylt og Geiranger. I høve til 2017 får Hellesylt 14 fleire anløp medan det til Geiranger kjem ni fleire, les vi ut frå anløpslista. Båtane er innom turistbygdene fleire gonger og mange er store med eit høgt antall passasjerar. i 110 anløp er det meir enn 2000 passasjerar ombord, i 26 er passasjertalet mellom 1000 og 2000, og i 64 av anløpa har cruisebåten mindre enn 1000 passasjerar.

Fyrste cruisebåt er Astoria. Båten kjem til Geiranger 3. mai og ein ny sesong er i gong. Alt dagen etter får den kjende turistbygda vitjing av ein av dei store båtane, Celebrity Silhouette med nær 3000 passasjerar om bord.

Siste båt på Hellesylt i år blir den fyrste i 2018. Balmoral kjem 13. mai og blir på Hellesylt i sju timar mellom anna med omvising for fleire av dei reisande om bord i kunstsenteret Peer Gynt galleriet. Seinare i sesongen er det tinga nye omvisingar for cruiseturistar, år vi opplyst.

Fleire dagar i sesongen har Verdsarvfjorden og området besøk av inntil tre båtar. Og 11., 20., 24., og 27. juni er dagar med heile fire cruisebåtar så då blir det «trangt» om plassen både på land og på fjorden.

Under Hellesyltdagane 6. til 8. juli?? er der også cruisebåtar å sjå. Fredag 6. juli kjem Mediterranea og søndag 8. juli legg Astoria til ved Hellesylt cruisekai.

Sesongen er lang i 2018. I år var siste båt på Hellesylt 13. september og i Geiranger eit par veker seinare. Neste år varer sesongen inn i oktober med AIDA Bella som aller siste 25. oktober. Ikkje utenkjeleg at cruiseturistane får sjå landskapet i vinterskrud då.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380