Basar med kafé

Laurdagsbasaren 28.oktober opnar klokka 12.30. På biletet er vist litt av gevinstane.

På laurdag inviterer Sunnylven sanitetslag til basar og kafé på Sunnylven samfunnshus. Arrangøren håper på godt besøk og god basarstemning.

Tradisjonen tru arrangerer sanitetsdamene basar med sal av snurrelodd komande laurdag. Her kan heldige vinnarar få med heim både små og store gevinstar, nokre kjøpte, andre laga eller gjevne av bedrifter og privatpersonar.

I tillegg til utlodding blir det sal av lapskaus, kaffi, te og kaker. Det er mange gode grunnar til å legge turen innom samfunnshuset og laurdagsbasaren mellom klokka 12.30 og 15.30, meinar arrangøren. -Ein fin møtestad for naboar og vener-.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380