Båtdåp ved Ljøkaia

Gudmor Merete Løvoll Rønneberg fekk overrakt eit bearbeida saueskinn med innsvidd tekst i gåve av Bente Bonsaksen. Til venstre ordførar Tryggestad.

Under arrangementet på Ljøkaia søndag vart «Beitebåten» døypt. Gudmor var Merete Løvoll Rønneberg og som skikk og bruk vart fartyet dynka i sjampanje.

«Beitebåten» har vore i bruk i haust og frakta sauer og lam frå Oaldsbygda til Hellesylt. Båten kan også nyttast til andre frakteoppdrag til fjordgardar, mellom anna vart det nyleg frakta seks kubikk støypesand til eit arbeid på Ljøkaia.

I si helsingstale under kaifesten på Ljøkaia fortalde ordførar Jan Ove Tryggestad at for nokre ti-år tilbake vart sauer henta på Ljøkaia og rodde til sommarbeite i Oaldsbygda. No kan bønder frakte dei frå dyretransportvogna på Hellesylt til dei gode beita i fjordbygda med motorisert båt. «Beitebåten» er laga til for dette bruk og har hatt oppdrag tidlegare i haust. Båten kan frakte nær femti dyr å kvar båtlast og som tryggheit for dyra  er det laga høge grindar som kan monterast på alle sider.

I september frakta «Beitebåten» nær 150 sauer og lam frå Oaldsbygda til Hellesylt. Her er båten på tur til fjordbygda etter ein ny last.

«Beitebåten» er ein av fleire som selskapet Bonseye eig. Tidlegare har to RIB-båtar blitt døypte til Sunnylvsfjord og Korsfjord. Frank Ole Bonsaksen i selskapet håpa at det etter kvart ville kome beitedyr på fleire fjordgardar, både Matvika og Syltavika. Båteigarane på Øvre Ljøen var klare til å hjelpe med alle oppdrag på fjorden, sa han.

Merete Løvoll Rønneberg dynka «Beitebåten» i sjampanje, som tradisjonen er ved båtdåp.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380