Lokalnytt

Best på International marknadsføring

Laurita Fure, to frå høgre fullførte ein bachelor-grad i Barcelona tidlegare i år der ho var utvekslingsstudent. Biletet er frå diplom-utdelinga. (Foto: Privat)

Laurita Fure Briceno frå Sunnylven har studert International marknadsføring ved Handelshøgskulen BI –campus i Bergen. Der gjekk ho ut som beste student i klassa.

Laurita Fure Briceno med nærme slektsrøter frå Bjørdal i Sunnylven kunne i september ta mot bevis som beste student i International marknadsføring mellom 40 – 50 medelevar ved Handelshøgskulen BI –campus Bergen. I tillegg fekk ho eit stipend frå Marin Harvest verdt 10.000.- kroner  -for sin faglege innsats og akademiske styrke-.

Laurita Fure er no ferdig utdanna og i august starta ho i jobbar som rådgjevar med marknadsføring og litt på sal ved Call2action i Bergen. I vestlandshovudstaden har ho tenkt å vere , i alle fall den nærmaste framtida. Men Sunnmøre og heimlege trakter fristar også om jobb etter utdanning skulle dukke opp ein gong i framtida.

Som beste student i klassa fekk ho også ein gåvesjekk på 10.000.- kroner frå Marin Harvest, verdens største selskap på fiskeoppdrett, eit stipend Laurita er glad for. Kva ho skal nytte pengane til veit ho ikkje enno, men seier at som god sunnmøring har ho sett dei i banken inn til vidare. Dei blir kanskje nytta til ei fin reise på nyåret ein gong, seier Laurita Fure Briceno.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380