Damekamp på Hellesylt stadion

Stranda / Sunnylven spelar siste heimekamp denne sesongen i kveld tysdag 3. oktober. Kampen går på Hellesylt stadion kl. 19.00.

Før kvelden kamp mot FK Sykkylven/SIL2 ligg Stranda/Sunnylven damer på 5. plass med 13 poeng. Motstandar frå nabobygda har 11 poeng og to plassar lavare på tabellen som Hødd Rekrutt leiar med 32 poeng. Dette er siste heimekamp denne sesongen. 18. oktober er sesongen slutt med Valder borte.

Til kampen på Hellesylt stadion er desse spelarane med frå Sunnylven: Lillian Aasheim, Silje Stadheim, Olene Lade, Madelene Frøysadal Hauge, Anniken Hjellbakk Hole, og med «hjelp» frå J16-laget til Sunnylven av Bertine Lade og Kristine Hjellbakk Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380