Lokalnytt

Dommarar fekk gåve.

Unge klubbdommarar i Sunnylven IL, frå venstre Bertine Lade, Espen Ringdal, Sigrid Imilie Førde Røyrhus og Sara Sæther. Med hendene fulle av Kvikk Lunsj-sjokolade, Lillian Aasheim.

Sunnylven fotball har fått skulert fleire unge til klubbdommarar i 2017. Søndag fekk dei søt gåve for innsatsen.

Det var målvakt på damelaget, men også fotballdommar Lillian Aasheim som overrekte ei lita gåve til fire av Sunnylven Fotball sine klubbdommarar som var til stades på premiefesten. Sara Sæther, Sigrid Imilie Førde Røyrhus, Espen Ringdal og Bertine Lade fekk alle kvar sin stor pakke med Kvikk Lunsj-sjokolade og ros for innsatsen. Aasheim håpa dei ville halde fram med dømminga fleire sesongar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380