Dugnad får fram utsikta
Naturperler og flotte fotomotiv kring Hellesylt og andre stader i Sunnylven held på å «kvelast» av frodig lauvskog. No har dugnadsfolk saga og rydda i to dagar ved Hellesyltfossen.
Det viser i landskapet etter skogryddarane ved Hellesyltfossen. Med nykveste kjeder på «illsinte» motorsager har det eine treet etter det andre stubba i skråninga ved den mykje fotograferte fossen i Hellesylt sentrum. Mange av trea blir kvista for å ta vare på stamma til brennved, men resten blir køyrd vekk saman med anna krattskog.
Fleire områder
Tidlegare var deler av området ved fossen slåttemark , og der stod også nokre frukttre, blir det oss fortalt. No hadde naturen teke over eigarskapet fullt og heilt, slik den har gjort fleire andre stader i Sunnylven.
I 2016 innførte Landbruks –og matdepartementet ei ordning med tilskot til rydding av kulturlandskap, vegkantar og utkikkspunkt av særleg verdfull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side. Hellesylt Næringslag sende inn søknad på områder kring Hellesylt sentrum og mot Bygda frå Korsbrekke til Stadheim. Etter søknad fekk laget innvilga eit tilskot på 245.000.- som var 70 prosent av kostnadsoverslaget. Frist for å utføre arbeidet var ut 2018.
Løn til idrettslaget
Nyleg kalla Hellesylt Næringslag inn til møte der det vart bestemt å starte opp rydding kring Hellesyltfossen. Måndag var andre dugnadsdag og mykje var blitt gjort av ryddegjengen som stort sett kom frå Sunnylven Pensjonistlag. Pengane for jobben skulle dei donere til Sunnylven IL og nyanlegget som laget reiser i Hyttehola. Kanskje ville det vere god og lønsam trening også for aktive i idrettslaget å hjelpe med å rydde saman nedkappa greiner og krattskog.
Betaler til lag
Hellesylt Næringslaget betaler ut løn etter timeliste til laget som stiller folk, Her er mykje å ta fatt på så her kan mange framleis skaffe seg seg gode inntekter, seier leiar i laget Øystein Ljøen. Han synest det er veldig bra alt som er gjort og håper fleire enn sprekingane i Pensjonistlaget stiller opp. Og at Frank Bonsaksen kunne stille med motorsag var utruleg flott, seier Ljøen som gjentek at her er mykje meir å rydde og jobb til medlemer også frå andre lag på nye områder. -Å få vekk av lauvskogen gjer det lettare og trivelegare, ikkje berre for turistar, men også for oss fastbuande,