Eldre konfirmantar møttest

50 -og 60-års konfirmantar samla framfor Sunnylven kyrkje.                                                                                                                                                      Framme frå venstre: Nina Strøm, Rigmor Palma Matvik, Torill Haugen, Anne Marie Sæther, Lillian Overvoll.
Bak frå venstre: Oddbjørn Hole, Kristen Ringdal, Inge Bjørdal, Odd Jostein Bjørdal, Gunnar Tryggestad, John Arne Langeland.

Under gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag var det samling av 50 –og 60-års konfirmantar.

I 1957 vart 12 jenter og gutar konfirmert i Sunnylven kyrkje og ti år seinare var talet ti. Søndag møttest fleire av dei. Under gudstenesta og i samtale med sokneprest Stein Karstensen fortalde dei frå tida då dei «gjekk for presten». Og presten det var sokneprest Sigurd Haugen, ein prest dei måtte vise vyrdnad for og høfleg framferd. Det vart mykje pugging av innhald både i salmeboka og bibelsoga, fortalde dei.

AV 60-års kullet er to døde, men av andre kullet lever alle. Til saman 11 var til stades på konfirmanttreffet som skulle halde fram med middag og sosialt samvær på kyrkjelydshuset.

Kristin Storstein i Sunnylven kyrkje

Sokneprest Stein Karstensen hadde liturgien og ved kyrkjeorgelet sat Gunnar Inge Eide. Under gudstenesta var det nattverd, det vart teke opp kollekt til TV-innsamlinga for organisasjonen UNICEF,  ungdomskoret Joyful tok del med to flotte songar, og Kristin Storstein med tonefylgje frå kyrkjeorgelet song så vakkert «Det er makt i de foldede hender».

Ungdomskoret Joyful framførte to songar, begge med solistar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380