Lokalnytt

Få tok gratisferja til støttekonsert

Marius Hammer frå fylkeskomiteen og Aud Tomasgard Berstad frå kommunekomiteen var mellom dei som tok gratisferja til konsert i Geiranger kyrkje.

TV-aksjonen fekk ein fin start i Stranda kommune med støttekonserten i Geiranger kyrkje. Over hundre personar fylte kyrkja og det økonomiske resultatet til TV-aksjonen vart 5.560.- kroner.

Geirangerfolket slutta godt opp om konserten i kyrkja si laurdag, Meir skuffande var frammøtet frå andre deler av kommunen  der berre ei handhull personar utanom aktørar under konserten fylgde gratisferja frå Hellesylt. På turistferja stod oppleina både kaffikanner og svele, alt spandert av selskapet The Fjords.

Om bord på Bolsøy var innsamlingskomiteen i Stranda med ordførar og varaordførar i spiss, og fylkesleiar for TV-innsamlinga Marius Hammer. I ei helsing til oppfordra Hammer alle til å stå saman om innsamlinga som i år går til organisasjonen UNICEF og undervisningsstøtte til barn i fem land, Colombia, Sør-Sudan, Pakistan, Mali og Syria.

Rundt 80 prosent av Norges befolkning er med på ein eller annan måte, noko Hammer tykte var flott. Han nytta også høvet til å takke The Fjords og «gullrekka» som han kalla mannskapet på Bolsøy for at dei stilte på med gratis ferje til og frå Geiranger og konserten i kyrkja der. –Lat vi vere saman så blir det TV-aksjonar også dei neste 50 åra, sa Marius Hammer.

Ordførar Jan Ove Tryggestad kan å dirigere, helst med ei klubbe i handa, men han meistra også jobben som korpsdirigent.

Verdsarvfjorden hadde litt austavind denne dagen, men meir blåst var det frå Sunnylven skulekorps som underheldt med feiande flotte korpstonar, også for ein busslast asiatiske turistar. Etter fleire marsjar og populærmusikk overlet dirigent Trond Otto Berg dirigentstokken til ordførar Jan Ove Tryggestad. Rett nok er ordføraren i Stranda vand med å dirigere andre forsamlingar enn korpsmusikantar, så framfor eit skulekorps var det nok premiere. Oppgåva løyste Tryggestad til toppkarakter, og «Sunnylvsmarsjen» av Helge Fivelstad som var utfordringa er godt drilla inn i Sunnylven sitt gode korps frå før. Likevel, ordføraren gjorde jobben som korpsdirigent på ein framifrå måte og til enorm applaus, både til eit godt skulekorps og ein god dirigent.

Mannskapet ombord på turistferja Bolsøy tok godt imot alle dei reisane laurdag. Her saman med medlemer i kommunekomiteen for innsamlinga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380