Lokalnytt

Feirar restaurert kai og naust

Eit nyrestaurert naust og Ljøkai skal feirast på søndag.

I mai i år fullførte Christie & Opsahl AS restaureringa av kaia ved Ljøen. Søndag er det feiring med offisiell opning av den «nye» kaia og eit istandsett naust.

Med ruskever og bølger på Sunnylvsfjorden har toppdekket på Ljøkaia med åra blitt øydelagt. Og det vart oppdaga at stein i grunnmuren var rausa ut, så vedlikehald var naudsynt om kaia skulle bestå. Også eit naust med historikk i gråsteinsmurane var ramla ned.

Området låg innafor Verdsarvområdet og gjennom søknad og tilskot vart kai og naust sett i stand igjen. 9. juni i år kunne kaia ved Ljøen overleverast frå entreprenør Christie & Opsahl AS ved Kristian Marstein Brøste til oppdragsgjevaren ved byggeleiar for kairenoveringa Merete Løvoll Rønnerberg i Verdsarvstiftinga.

Rundt 1.3 mill. kroner kosta arbeidet der grunnmuren er reparert med ti kubikk betong under sjøflata. Eit støypearbeid som vart godkjent av fylkeskonservatoren. Ferdigbetongen vart frakta til kaia mad helikopter, både til grunnmuren og det armert toppdekket. På to sider er det sett opp fenderverk av osp frå Ljøen. Også naustet er sett i stand igjen, veggane er mura opp igjen og det er lagt på tak og sett inn dører.

Søndag 8. oktober er alle velkomne til feiring på Ljøkaia av ferdig restaurering. Det går gratis RIB-båt til Ljøkaia.

    • Frå Geiranger kl. 12.00
    • Frå Hellesylt kl. 12.30
    • NB: Påmelding RIB-skyss til Frank Ole Bonsaksen,

mobil 913 95 403, mail f-olbon@online.no innan laurdag.

    • Fleire avgangar dersom behov. Retur etter arrangementet.

Programmet for kaifesten er:

  • PROGRAMSTART PÅ LJØKAIA KL. 13.00
  • Velkomen til markering v/grunneigarane – Rolf Arne Ljøen
    • Rolf Arne fungerer som programleiar vidare
  • Orientering om arbeidet som har vore gjort v/Verdsarvstiftinga – Merete
  • Offisiell opning av kaia
    • Snorklipping v/Erling Ljøen + to barn (repr. for Hellesylt Vekst?)
    • Erling fortel litt historikk knytt til kaia og området
  • Musikals innslag ved Ole Hjalmar Bonsaksen (2 nummer)
  • Helsingar og talar:
    • Helsing frå ordføraren i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad
    • Helsing frå andre (må avklarast nærmare)
  • Båtdåp v/Frank Ole Bonsaksen (introdusere)
  • Vi utfordrar til svingom på brygga
    • Trekkspelmusikk v/Oddvar Gausdal(?)
    • Oppmodar folk til å prøve seg på nytt dekke
  • Vi byr på nydeleg fersk fisk og «kai-kake»

Arrangørar av kaifesten, grunneigarane og Verdsarvstiftinga ønskjer alle vel møtt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380