Fotodagar på Stranda

Kristbjørg Bjørndal til venstre og Ingeborg Sæther framfor eigne bilete som dei hadde med på utstillinga.

I Storfjord kulturhus har Stranda Fotoklubb si årlege haustutstilling denne helga. Ei stor og variert utstilling over tre dagar som blir avslutta søndag 15. oktober.

Nesten halvparten av klubben sine 55 medlemer var representert med eitt eller fleire bilete på utstillinga i Storfjord kulturhus. Ein jury hadde valgt ut bileta der Ingeborg Sæter hadde hovudansvaret for samansetjinga. Sæter tykte det hadde blitt ei flott utstilling i år, noko også fleire mellom publikum gav uttrykk for. Der vart bilete både på papir og lerret, men utan innramming denne gongen. Motivvala hadde stor variasjon, frå landskap, dyr, fuglar, bilete med spegling og meir.

Kristbjørg Bjørndal er leiar i styre for Stranda Fotoklubb. Ho fortalde at årets utstilling var sett saman litt annleis enn tidlegare og utan innramma bilete. Mange kjøper av bileta der ein liten del av salssummen går tilbake til klubben.

Unge fotografar frå Sunnylven Barnehage hadde stilt ut seks bilete

Unge fotografar

Også fleire barnehagar i kommunen hadde sine monter med bilete som borna hadde teke. Frå Sunnylven Barnehage var det stilt ut seks foto som fire og femåringar hadde teke.

«Dei fekk ei fri oppgåve, å ta bilete av noko «fint» ute. På turar i nærområdet vart det knipsa mykje, av kongler og sopp til mosegrodde greiner og bjørnebær. Utveljinga var vanskeleg for borna, men til slutt fann dei seg eit foto kvar å stille ut, står å lese om dei kunstferdige bileta frå Sunnylven Barnehage.

Medlemsmøter og fotokafe

-Vi har det kjekt i klubben, sa Kristbjørg Bjørndal. Ho fortalde at dei hadde vore på tur både i inn og utland siste året, og sjølvsagt for å finne motiv og fotografere. Stranda Fotoklubb har også klubbmøter og ein laurdag i kvar månad er det fotokafe. -Då samlast vi hos bakaren og kosar oss, fortalde leiar Kristbjørg Bjørndal. Du kan lese meir om Stranda fotoklubb på: https://www.facebook.com/search/top/?q=Stranda%20fotoklubb

Val av fotomotiv hadde stor spennvidde.

Haustutstillinga i Storfjord kulturhus var godt besøkt. Den er opa også søndag 15. oktober frå 12.00 til 17.00

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380