Lokalnytt

Gode kjenningar på haustkonsert

Sunnylven skulekorps.

Sunnylven skulekorps hadde leita fram mest «gamle» noteark då korpset inviterte til haustkonsert på Sunnylven samfunnshus fredag kveld, til ein av dei beste nokon gong.

Sunnylven skulekorps var litt redusert og stile med 13 musikantar og dirigent Trond Otto Berg då nær 50 sunnylvingar trossa ruskeveret og kom på den årlege haustkonserten til korpset.

Med stødig speling bles korpset konserten i gong med Sunnylvsmarsj av Helge Fivelstad. Trond Otto Berg fortalde at han fann restar av notane i 2005 og etter det har marsjen vore ein favoritt for korpset, sa han.

Det var ein haustkonsert der melodivala varierte frå marsjar til poplåtar frå Hellbillis og Abba, presentert i to avdelingar med kaffipause i mellom. Og i «Debutanten» fekk publikum høyre dei ulike instrumentrekkene i soloparti. Her fekk både kornettrekka, trommene og ikkje minst tuba og tromboner «briske» seg til taktfaste trakk i parketten frå publikum.

Publikum fekk også høyre fire juniorar som spela imponerande flott. Sofie Kjellstad, Sune Frøysa, Selma Sjåstad Hole og Kristin Langeland er alle klare for opprykk til hovudkorpset når øvingane på julesongar startar, sa Trond Otto Berg.

Sunnylven skulekorps har blitt eitt av dei gode skulekorpsa på Sunnmøre, ei musikalsk utvikling som skuldast dirigent Trond Otto Berg. Det har blitt mange turar og enno fleire timar øving med korpset gjennom mange år. Men det har vore inspirerande og moro, seier han.

-Etter ei lang veke har det ofte vore litt slitsamt å ta turen til Hellesylt på fredag for øving med korpset. Men når musikken svinga stødig og flott har det faktisk gjeve påfyll av energi, seier dirigenten. Han rosar musikarane, korpsleiing og ikkje minst bygdefolket som sluttar opp om korpset sitt. –Utan alle desse støttespelarane både ved arrangement og andre høve hadde ikkje Sunnylven hatt dette gode skulekorpset, seier Trond Otto Berg.

Framme frå venstre: Viktor, Sigrid Imilie. Bak frå venstre: Hanne, Lone, Nikoline (delvis skjult) og Loke
Frå venstre: Hanna, Simen, Matti og Bertine.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380