Gode kulturkrefter fylte Geiranger kyrkje
Årets TV-aksjon er søndag 22. oktober. Stranda kommune tjuvstarta innsamlinga dagen før med støttekonsert, denne gongen i Geiranger kyrkje.
Nettstaden hellesylt.info sin utsende er ikkje mellom dei som «trakkar ned» dørstokken til Geiranger kyrkje. Laurdag var vi på plass til ei minnerik oppleving i kyrkja som nyleg feira 175-års jubileum. Her var unge og eldre aktørar som leverte på høgt plan, mange også frå Geiranger sine song og musikkrefter.
Unge gode programleiarar, Julie Mjelva og Maren Frøysa Os ønska vel møtt til over hundre frammøtte. Dei introduserte programinnslag i tur og orden og fyrst ut var Trond Otto Berg på kornett og Gunnar Inge Eide orgel. Så kom dei aller yngste i to songar, sjarmtrolla i Barnekoret. Du blir berre glad av slike innslag.
Matti Kjellstadli spela fyrst på det nye orgelet i kyrkja før han seinare under konserten slo til med ragtime-musikk på piano.
Geiranger gospelkor framførte Henning Kvitnes sin kjente «Evig eies», og Sofie Berge Sæbø spela fløyte både solo og saman med kulturskulelærar Evgenij Zhukov. Signy Korsedal hadde med gitar og song, det same gjorde Johanne Ringdal Sæter, og Bertine Lade framførte instrumentalversonen av «Tirna Noir». Og Oddbjørg Solhaug og Malin Merok hadde fleire songinnslag med Gunnar Inge Eide på piano. Avslutninga av konserten var mektig med Trond Otto Berg på kornett og Gunnar Inge Eide orgel i «Amazing Grace».
Amazing Grace framført av Trond Otto Berg og Gunnar Inge Eide i Geiranger kyrkje laurdag 21.10.2017
Posted by Hellesylt.info on Saturday, October 21, 2017
Fylkesaksjonsleiar Marius Hammer tykte det var flott å kome til Stranda og få oppleve flotte konsertar kvart år. Han lute litt på om folket her visste kor flott kommune dei budde i. Han snakka om TV-aksjonen og innsamlinga søndag 22. oktober og håpa gjevargleda var stor. Femhundretusen born i fem land kan få skulegang etter TV-aksjonen, sa han.
Ordførar Jan Ove Tryggestad var imponert over det han hadde opplevd. Han hadde lurt litt på kva kan skulle seie og var komen fram til at eitt ord var dekkande, nemleg takk. –Eg har løn for å vere her, men andre som har bidrege har ikkje det, sa ordføraren mellom anna. Han takka alle aktørane, unge og eldre og han retta ei spesiell takk og oppfordra til applaus for Aud Tomasgard Berstad som alltid står på for TV-aksjonen. Ordføraren retta også takk til The Fjords som stilte opp for konserten og sette opp ekstratur og gratis ferje mellom Hellesylt og Geiranger.