Lokalnytt

Godt resultat i TV-aksjonen i Stranda kommune

I Sparebanken Møre på Hellesylt vart innsamla beløp levert inn og talde opp. Her leverer Marte Solli Frøysa og Wenche Solli bøssa til tilsette i banken, Rita Rudning Røyrhus t.v. og Annvor Tryggestad

Ved TV-aksjonen i Stranda kommune er det søndag kveld talt opp til saman kr. 139.116.50. Beløpet vil truleg auke dei neste dagane.

Resultatet av innsamlingsaksjonen i Stranda 2017 til organisasjonen UNICEF er eit par tusen høgare enn i fjor. Innsamlinga med bøsser gav totalt 112.286.- og fordelte seg slik mellom bygdelaga.

Stranda: 73.115.50

Liabygda: 8.144.-

Geiranger: 9.725.-

Sunnylven: 21.301.-

I tillegg kom dette inn:

Kollekt i Geiranger kyrkje 1.270.-

Kollekt i Sunnylven kyrkje 2.851,

Stranda kommune kr. 10.000.-

Skulejogg Ringstad skule 7.060.-

Støttekonsert i Geiranger kyrkje, 5.650.-

I Sunnylven var det Hellesylt Ungdomslag som hadde fire bøsseberarar rundt om i bygdelaga. Resultatet totalt for Sunnylven var søndag kveld 24.152.- som er det nest beste nokon gong. Innsamlinga til Kirkens Nødhjelp i 2014 er så langt best med vel 26.000.-

Hellesylt Ungdomslag stod for innsamlinga i Sunnylven. Leiar Marianne Fivelstad tok sjølv ei av dei lange rodene, Nibbedalen, Langedalen og Ljøen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380