Haustkonsert med Sunnylven skulekorps

Som vist i aktivitetskalendaren blir det haustkonsert med Sunnylven skulekorps fredag. Også fire aspirantar blir å høyre.

Den årlege haustkonserten med Sunnylven skulekorps er fredag 27. oktober kl. 19.30 på Sunnylven samfunnshus. I tillegg til mykje flott musikk både av dei eldre og av fire juniorar som snart er klare for hovudkorpset, blir det servering av kaffi og kaker. Det er gratis inngang.

Arrangøren håper bygdefolket møter fram for å oppleve haustkonsert med eitt av dei aller beste skulekorpsa på Sunnmøre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380