LokalnyttLokalsport

Henning Frøysa vann Rasmus Matviks minnepokal

Per Jarle Matvik fortalde korleis det gjekk til at det vart sett opp vandrepokalen i faren sitt namn. Til venstre står pokalen.

Rasmus Matviks minnepokal i fotball har vore eit ettertrakta uttrekstrofe i femten år. Søndag vart Henning Frøysa trekt ut som vinnar av pokalen til odel og eige.

Det var Per Jarle Matvik som trekte vinnaren og delte ut pokalen under premiefesten til Sunnylven fotball yngres avdeling søndag. Han fortalde at faren var mykje interessert i fotball heilt til han døde i 2000.

-Når vi kom ut av siste tunnelen på veg til Hellesylt og det var fotballkamp på Hellesylt stadion, då visste vi kvar far var. På stadion stod han som regel saman med Olla (Ole Arthur Ringdal, red. b.), og når det ikkje var fotballkamp brukte han å slå seg ned på ein benk ved Gatekjøkkenet på Hellesylt. Der vart det fortalt mange gode historier, sa Per Jarle Matvik.

-Då faren døydde lurte vi litt på kva vi kunne gjere som minne for bygda han var så glad i. Ein dag kom eg forbi ein butikk som selde pokalar og då vart ideen tent. Vi ville setje opp ein vandrepokal til minne om far. I lag med Erling Hauge som var leiar i fotballgruppa laga vi kriteriar for å få napp i pokalen, fortalde Per Jarle Matvik.

I femten år har pokalen blitt trekt ut etter forslag frå trenarane mellom spelarar frå 12 år og oppover og som har vist positiv haldning, god innsats og godt treningsframmøte. Søndag vart pokalen trekt mellom alle som hadde napp i den og vinnar vart Henning Frøysa som vann sitt napp i 2008. Henning Frøysa var ikkje til stades på fotballfesten søndag.

Her opnar Per Jarle Matvik kinderegget med vinnaren sitt namn, Henning Frøysa. Åse Støverstein frå fotballgruppa til venstre.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380