Lokalnytt

Hundre åt saudehaud

Erna Hellebostad til venstre og Solveig Randi Førde viser fram eit serveringsbrett med mat som fekk masse skryt.

Den årvisse saudehaudfesten til Sunnylvsbygda grendalag samla meir enn hundre personar laurdag. Og måltidet fekk ros av alle, både gjennom diktlesing og «takk for maten».

Leiar i grendalaget, Geir Frøysa ønska alle i ein fullsett storsal i grendahuset vel møtt til måltidet med tradisjonsmat. Med sjølvskrive dikt på rim ordla han seg i rosande ordelag til sauen og det flådde, salta og kokte saudehaudet. Gode formuleringar og med poeng som vekte både latter og applaus i salen.

Og han heldt fram; -28. oktober vil gå over i historiebøkene som den argaste kvelden på lenge. Det er nettopp fordi dokke er her, sa han til forsamlinga. Han tykte det var fantastisk at over hundre kom, for i Sunnylven skjedde det alltid mykje. Grendalagsleiaren rekna opp arrangement frå dei to siste dagane, årsmøte i Bygdekvinnelaget, korpskonsert, sanitetsbasar, dugnad på Hellesylt stadion og dugnad i fleirbruksanlegget i Hyttehola.

Dermed var det klart for servering. Eit halvt saudehaud, poteter, kålrotstappe og kanskje ein snabb kokmør fylte godt opp på tallerkenar som kom på borda. Og kommentarane av den spesielle og i mange høve litt nedsnakka maten var ikkje til å ta feil av. Alt som kan tyggast kan etast på eit saudehaud, er det sagt. Slik vart det også laurdag. Det som låg igjen var bein, tenner, litt tannkjøt og augesteinen.

Mange hadde hatt ei hand med i tilstelling av mat og den femtande saudehaudfesten, og Geir Frøysa takka alle. Til å takke for maten hadde grendalagsleiaren sikra seg Dag Stadheim, ein langvegsfarane gjest og debutant som deltakar på saudehaudfesten. Måltidet var ei gledeleg overrasking som gav meirsmak, meinte Stadheim som hadde fått gode råd av erfarne under måltidet om kvar som kunne etast og ikkje. Krydra med gode historier vart også «takk for maten» ei triveleg oppleving.

Mange kom langvegs frå til saudehaudfesten. Her er eit bord med gjestar frå Herøy.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380