Ikkje nytt frå Flakk Eigedom
-Der er planar, men inn til vidare er det ikkje noko konkret nytt å melde.
Dagleg leiar i Flakk Eigedom, Jon Egil Jakobsen har lite å melde når vi spør om planar for Meieritomta og Grand Hotell på Hellesylt. Jakobsen svarer høfleg, men har ikkje informasjon om utbygging eller andre tiltak å kome med. Han er i staden interessert i å høyre korleis turisttrafikken på Hellesylt har vore i sommar. Som sant er fortel vi at den har vore god.
På spørsmålet frå hellesylt.info er svaret; -Vi får sjå, men eg har ikkje konkret informasjon å kome med, er svare før Jakobsen må haste vidare til eit ventande møte.