11. juni 2026

Kjem til Lensmannsstova

Britt Pernille Frøholm. (Pressefoto)

Folkemusikar Britt Pernille Frøholm kjem til Lensmannsstova på Lillebø, Sunnylven fredag 20. oktober.

Fredag 20. oktober held folkemusikaren Britt Pernille Frøholm konsert i Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven, på både fele og hardingfele. På repertoaret står folkemusikk både frå Nordfjord og Sunnmøre.

Britt Pernille har vore med i fleire musikkgrupper og gjeve ut fleire plater, ei av dei for kort tid sidan. Folkemusikaren som er fødd (1978) og oppvaksen i nabobygda Hornindal har gjesta Sunnylven fleire gonger med konsertar både i Lensmannsstova og intimkonsert ved Sunnylven omsorgssenter saman med Irene Tillung på akkordion. Denne gongen held ho konsert åleine.

Under arrangementet i Lensmannsstova blir det sal av kaffi og sveler. Billettpris er vaksne kr. 200.-, pensjonistar kr. 150.-, og born kr. 100.-. Påmelding til Synnøve Hjellbakk Hole, mob. 909 51 185.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →