Kjøttvarebedrift reiser stort påbygg

I september var det byggestart på ny utviding av anlegget til Ole Ringdal AS på Hellesylt. Dei nye lokala kjem i bruk i mars neste år.
Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt ekspanderer. I løpet av dei neste månadane blir slakteri og produksjonsareal utvida frå 6200 kvadratmeter til 8300 kvadratmeter, eller på storleik med ei fotballbane. Men det var ein lang veg å gå med sakshandsaming før gravemaskina kunne slå grabben i bakken for fyrste grøfta.
Nærmare enn Nordfjord og Ålesund
Det nye bygget får fleire funksjonar , fortel dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal. -Der skal bli fryseri, noko vi leiger i Nordfjord og i Ålesund i dag. Vi får nye klimarom, der blir maskinrom med elektriske installasjonar og ny trafo, vi får nytt vassinntak og der blir lagerplass. Det har vore litt trangt slik vi har hatt det og ikkje minst det at vi får meir frysekapasitet på huset blir ei stor forbetring. Bakdelen med at bygget blir større er at det blir lenger avstandar å bevege seg på, men det blir trass alt kortare enn til Nordfjord og Ålesund, skjemtar Ole Arnstein Ringdal.
Grunnundersøking
-Nybygget som er berekna å koste ein stad mellom 40 – 50 mill. kroner vart ein del forsinka. Det vart ein slalåmgang for å få alt klart, både med grunnundersøkingar, og frykta for eit 5000-års snøskred førte til meir utsetjing i planarbeidet. Alt byråkratiet har kosta bedrifta dyrt, meir enn 300.000.- kroner, seier Ringdal.
Forsterka bygget
-Fyrst tok det tid å få ein godkjent reguleringsplan og så vart det krav om grunnundersøking, om grunnen tolde vekta av bygget. Uttak med gravemaskin var ikkje godt nok, det måtte leigast inn ein borerigg. Så kom restriksjonar på bygginga grunna 5000-års ras, det kunne kome til å sneie eit hjørne på lagerdelen på nybygget. Bygget måtte forsterkast og ingeniørar dokumentere at det heldt trykket av eit eventuelt ras.
Råbygg tett til jul
-Hellesylt har i lang tid hatt ei klam hand over seg. Ein rasvoll kunne ha fjerna problema som bremsar utvikling også for andre på Hellesylt, seier Ole Arnstein Ringdal.
Men no er bygginga i gong og det går raskt framover. Det blir tett tak til jul og deretter er det montering av det som skal inn i bygget.
Læringsplass
-Eg likar å skape noko, skaffe arbeidsplassar som gjev skattekroner til kommunen. Utvidinga er eit signal om at vi vil vere på Hellesylt, for eg har tru på bedrifta med dyktige ansatte. Kvar dag gjer dei sitt beste og får fram gode produkt og eit godt renomé. Eg trur også bøndene ser verdien av å ha eit slakteri på Hellesylt slik at dei unngår lange transportar når dyr skal slaktast.
-Vi er også ein læringsplass for born og ungdom. Vi tek mot skuleklasser som vil sjå bedrifta, og vi har lærlingar som satsar på eit yrke innan kjøttfag. No har vi to lærlingar i jobb som vil skaffe seg fagbrev, den eine som slaktar og den andre som pølsemakar, fortel dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.
54 år på Øyrane
Også disponent Kristen Ringdal er glad for at byggearbeidet er i gong og at det blir meir plass i produksjonen etter kvart. Spesielt i haustslaktinga er aktiviteten stor og plassen i minste laget, seier han.
Kristen Ringdal fortel at Ole Ringdal AS kom med sitt fyrste bygg på Øyrane i 1963. Seinare har det blitt utviding fleire gonger, det siste før årets nybygg var påbygg av fjøsen i 2005.