Krinsrenn og SBM-cup i Hyttehola

Sunnylven IL står som arrangør av krinsrenn og SBM-cup i Hyttehola søndag 11. februar.

Utkast til terminliste langrenn komande sesong for Møre og Romsdal er klar. Sunnylven IL er tildelt krinsrenn med SBM-cup søndag 11. februar.

Krinsrennet i Hyttehola skianlegg 11. februar er også 7. renn i Sparebanken Møre cup 2017 / 18. Rennet går i fristil over normaldistansar. Under rennet blir det opning av det nye klubbhuset i Hyttehola, i følgje framlegg til terminliste frå skikretsen.

Andre lokale renn på ei lang og tettpakka terminliste denne vinteren er; KM sprint 27. januar på Stavsengfjellet, dagen etter 28. januar går KM i langdistanse på Løvoll i Eidsdal. 3. og 4. februar er det Midt-Norsk meisterskap i Valldal, og 18. februar er Hornindal IL arrangør av Honndalsrennet.

Fyrste renn i SBM-cupen var Trollstigen opp tidleg i haust. Dei neste renna går 16 desember Bjorli, 30 desember Tomrefjord, 13 januar Skaret, 20 januar Isfjorden, 21 januar Osmarka, 11 februar Hyttehola, 4 mars Bondalseidet, 18 eller 25 mars Skaret.

Endeleg terminliste vil bli fastsett på MR skikrets langrenn sitt haustmøte på Vestnes 8. november.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380