Lika ikkje fotografen

Denne vesle krabaten møtte vi på i Holedalen. Sjølv om han ikkje lika fotografen var matlysta stor og stadig måtte den vesle skapningen fram frå gjøymeplassen sin for å smake på graset.

Gras og mose er livretten til denne gnagaren som er føde mellom anna for rovdyr og rovfuglar. Enkelte år formerer arten seg fort og mykje. Eit lemmen er kjønsmode etter ca. tre veker, går drektig i tre veker og kulla kan vere på 8-10 ungar. Eit lemmen kan få tre til fem kull på ein sommar, står å lese på Wikipedia.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380