Markerte verdas matvaredag.
Måndag 16. oktober har bygdekvinner landet rundt markert verdas matvaredag. Sunnylven Bygdekvinnelag hadde markering på Hellesylt.
På FN sin matvaredag har Norges Bygdekvinnelag sett fokus på norske grønnsaker. Bygdekvinner landet rundt har delt ut over 8000 posar med assortert innhald av grønnsaker og servert gratis grønnsaksuppe.
Også Sunnylven Bygdekvinnelag har vore aktivt med på markeringa. Framfor daglegvarebutikken Joker på Hellesylt «lyste» ein stor plakat mot alle forbipasserande og fortalde at det var verdas matvaredag. Inne i butikken delte tre damer frå laget, leiar Anne Grete Hjelmeland Hole, Anne Marie Sømoen Frøysa og Inghild Storstein ut grønnsaksuppe og posar med gullrot, brokkoli, poteter, løk og rødbetar. I alt 40 pakningar skulle gjevast vekk, fortalde dei tre.
Grønnsaker og anna norsk kortreist mat er av det beste ein kan ha i kosthaldet. Og eit auka inntak av grønnsaker vil ikkje berre vere godt for helsa, men er også bra for klima og matsikkerheit. Difor var 130 Bygdekvinnelag i Norge, mellom dei Sunnylven Bygdekvinnelag i sving og informerte om dei gode norske grønnsakene på verdas matvaredag måndag 16. oktober.