Lokalnytt

Nordfjordslåttar sleppt på Sunnmøre

I over ein time spela Britt Pernille Frøholm slåttar frå den nye plata si ho har kalla «Nordfjord».

Folkemusikar Britt Pernille Frøholm kom ut med si andre soloplate med folkemusikk fredag. Plata har rundt 20 ulike spor med slåttar frå Nordfjord, som også plata heiter.

Britt Pernille Frøholm si plata med Nordfjordslåttar vart fredag kveld sleppt på Sunnmøre, ikkje langt over fylkesgrensa, men i Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven. Der fylte rundt 30 unge og eldre opp i det intime og etter kvart tradisjonsrike konsertlokalet.

Det var tredje gongen folkemusikaren frå nabobygda gjesta Lensmannsstova der ho hadde med seg tre feler, ei vanleg og to hardingfele.

Frøholm opna konserten med ein springar og ein brudeslått frå Nordfjord. Deretter kom ein av favorittslåttane, nemleg Fjelljom som også felespelar og skodespelar Alfred Maurstad var glad i og framførte med driv. Dei gamle spelemann var utruleg gode, sa ho. Kvifor dei vart så dyktige var vanskeleg å forstå. Dei måtte ha ein stor hug etter å lære å spele, meinte Britt Pernille Frøholm.

Det ser så lett ut når Britt Pernille svingar bogen. Ho skifta stadig mellom dei tre instrumenta og drog opp både springar og reinlender i tur og orden. Til alle slåttane hadde ho lese seg opp om komponistane og hadde utfyllande kommentar både om når slåtten vart komponert og kva hending som gav inspirasjon.

Ho spela ein slått etter ein Berstad. –Det står at det er ein vals, men ikkje begripe eg korleis dei dansa då. Det forstod nok ikkje publikum heller, for det var då ingen vals…

Rundt tretti personar fylt konsertstova på Lillebø fredag kveld.

Lensmannsstova på Lillebø er nær det perfekte lokale for slike konsertar med tømmerveggar og stort nok, men intimt. Og det var eit godt lokale å spele i, men å spele slik som dei gamle spelemann gjorde var ikkje lett. Det er noko med å hoppe etter Wirkola, sa Britt Pernille. Ho trong ikkje snakke blygt om spelinga si, for det eit tretti talls publikum fekk høyre var vel av det beste spelemenn kan prestere.

Det klang og det svinga når den dyktige folkemusikaren, oppvaksen i nabobygda Hornindal leika med fingrane og drog felebogen over klarstemte strengar. Det vart ein eventyrkveld som var godt verd inngangsbilletten, i alle fall for dei som er opptekne av det folkelege særpreget i norsk musikk.

Etter godt ein times speling måtte Britt Pernille Frøholm til med Kjellstadhallingen som ekstranummer før ein ny flott konsertkveld i Lensmannsstova var over.

Britt Pernille Frøholm til venstre, her saman med Synnøve Hjellbakk Hole som saman med familien er vertskap for konsertane i Lensmannsstova.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380