Øl og blåkval til topps i haustquizen.
«Øl og blåkval» var suverene vinnarar av haustquiz’en som vart arrangert på Hægstad Gård fredag kveld. Dei leia med to poeng etter fyrste runde og auke avstanden til motstandarane i runde 2.
Fem lag deltok i quiz’en som bestod av to bolkar med 20 spørsmål i kvar. Quiz’en vart som vanleg leia av quizmaster Arild Ringdal og Egil Røyrhus.
Her er resultatlista:
Øl og Blåkval | 34 poeng |
Clas Peders | 29 poeng |
Under Kopen | 28,5 poeng |
Pengegaloppen | 22,5 poeng |
Blanda drops | 9 poeng |