Opna naprapatklinikk på Hellesylt

Naprapat Liv Hilde Vågsæter på plass ved behandlingsbenken i lokala i Sunnylven omsorgssenter. Sunnylven sanitetslag helsa henne velkoma med blomar i symbolsk innpakning.

Tysdag starta Nordvest Naprapatklinikk AS opp med behandlingstilbod på Hellesylt. Og alt på opningsdagen var kundelista meir enn fulltinga.

Det er gjennom samarbeid med Sunnylven sanitetslag at klinikken på Hellesylt er kome i stand. Under eit ope møte for ei tid tilbake vart det sett fram ønskje om eit behandlingstilbod for stive og såre ledd og musklar.

Godt lokale

Sanitetslaget tok utfordringa og har hjelpt med kjøp av utstyr og fått ordna lokalitetar i kjellaren ved Sunnylven omsorgssenter. Der er det frådelt eit rom på om lag 20 kvadratmeter med skinne i taket og eit forheng. Og ein topp moderande behandlingsbenk til 15.000.- var komen på plass på opningsdagen, eit kjøp som etter søknad er støtta av Sparebanken Møre.

Utvida opning

Tysdag hadde naprapat Liv Hilde Vågsæter frå Stranda sin fyrste arbeidsdag ved nyeklinikken på Hellesylt der pasientlista var lenger enn forventa. Men alle som hadde tinga avansert manuell behandling fekk plass så opningstida som er tenkt mellom 14.00 og 16.30 kvar tysdag framover måtte utvidast denne fyrste dagen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380