Opna “nye” Ljøkaia

Med snorklipping ærklærte Erling Ljøen «nye» Ljøkaia for opna. I endane av silkebandet held Ingvor Bonsaksen til høgre, og til venstre Solveig Bonsaksen Skogvik og barnebarnet Anna.

Med attersyn på rim, helsingstalar, musikk og snorklipping vart den nyrestaurerte Ljøkaia offisielt opna søndag. No er håpet at kaia ved Ljølandet kan vare i nye hundre år.

Rundt 70 personar la turen til Ljøkaia og opningsfest søndag. Folk kom både sjøvegen med gratis RIB-transport, men dei aller fleste gjekk vegen ned frå gardsbruka på Ljøen. Mellom dei frammøtte var grunneigarar, representantar frå entreprenør Christie & Opsahl AS som fekk jobben med å utføre reparasjonen, byggeleiar Merete Løvoll Rønneberg frå oppdragsgjevar Verdsarvstiftinga, og ordførar Jan Ove Tryggestad som helsa og gratulerte frå Stranda kommune.

Merete Løvoll Rønneberg hadde fleire gjeremål under kaifesten. Fyrst presenterte ho eit attersyn på arbeidet, frå dei fyrste signal frå Hellesylt Vekst om skadar grunna ver og vind, diskusjonar og løysingar som fylkeskonservatoren godtok, til arbeidet stod ferdig frå entreprenøren. Heile attersynet gjekk på rim.

Frå Verdsarvstiftinga delte Rønneberg ut blomar til entreprenøren ved Kristian Brøste, og til grunneigarane der Erling Ljøen tok mot. Og nettopp Erling Ljøen hadde mykje historisk om kaia, mellom anna frå då karane på Ljøen for meir enn hundre år sida starta bygging av kaia. Det var utruleg korleis dei løyste oppgåvene med å få store steinar på plass og mure. Dei bygde ei renne opp i ei ur, smurde renna med kumøkk og steinane glei ned til sjøkanten. Der batt dei stein under robåtane på fjøre sjø og senka dei på plass på flo sjø. Slik vart Ljøkaia mura, stein for stein. Seks, sju år etter byggestart, ein sommardag i 1919 stod kaia ferdig til bruk, sa Erling Ljøen som også fekk æra av å opne “nyekaia” ved å kutte silkebandet i nasjonalfargar med kniv.

Frå Stranda kommune overrekte ordførar Jan Ove Tryggestyad ei gåve til fungerande leiar i Verdsarvstiftinga Merete Løvoll Rønneberg . Gåva hadde motiv av ein slipestein.

Ordførar Jan Ove Tryggestad helsa frå Stranda kommune. Han var glad for at Ljøkaia var trygt bevart for framtida, for om få år ville også ein nyrestaurert Postveg over Ljøbrekka bli opna. Då låg her ein god turveg frå Sunnylvsfjorden til Herdal, noko av det flottast kommunen hadde å by fram, sa han. Han hadde med ei gåve til fungerande leiar i Verdsarvstiftinga, Merete Løvoll Rønneberg for det store arbeidet ho legg ned på fleire områder.  Gåva var ei pute påtrykt ein slipestein.

Før kaifesten var over vart det servert kaffi, kaikake og kokt fisk til alle frammøtte.

Ole Hjalmar Bonsaksen underheldt med gitar og song.

Frank Ole Bonsaksen fortalde om satsinga med fleire båtar for transport av dyr og anna til og frå fjordgardar og turistar med RIB-båtane.

Det var eit yrande folkeliv på Ljøkaia søndag til kaifest. Folk kom både sjøvegen og ned frå Ljøen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380