LokalnyttLokalsport

Poengdeling mellom naboar

Anniken Hjellbakk Hole i blått og rødt og Olene Lade var mellom heimelaget sine beste mot FK Sykkylven tysdag.

I siste heimekamp for Stranda/Sunnylven vart det uavgjort 5-5 mot FK Sykkylven på Hellesylt stadion tysdag.

Det vart målrikt då nabolaga Stranda/Sunnylven og FK Sykkylven i 4. divisjon damer møttes i regn og vind på Hellesylt stadion tysdag kveld. Laga veksla om å lede i målprotokollen, men til slutt var dei like gode, uavgjort og poengdeling.

Stranda/Sunnylven opna best og kunne gjort mål tidleg, men mot spelets gang var det gjestane som sette ballen i nota fyrst. Både ein og to gogar før heimelaget utlikna etter fint spel frå Olene Lade til Ingrid Slettebakk Urke som avslutta i mål. Og før kvilen ordna Anniken Hjellbakk Hole uavgjort 2-2 og Olene Lade leiing 3-2 for Sunnylven/Stranda som var pauseresultatet.

I andre omgang var det FK Sykkylven som drog fordel av vinden og presset mot Lillian Aasheim i heimeburet vart stort. Men etter 54 minutt ordna Olene Lade 4-2, men så kom åttefryktelege minutt for vertskapet på Hellesylt stadion. FK Sykkylven skåra jamt og trutt og etter 63 minutt var stillinga 4-5. Stranda/Sunnylven gav ikkje opp og like før slutt fekk dei si femte skåring ved Andrea Kirkhorn og berga dermed eitt poeng.

Domar Harald Jan Ullahamar, Ellingsøy IL hadde ein lettdømt kamp i eit ruskete ver og bes fort av ved full tid.

FK Sykkylven hadde 13 spelarar i troppa på Hellesylt stadion tysdag, men er meldt på som 9-ar lag i serien. Interessa for damefotball må ha dala dei siste åra, for det er berre få sesongar FK Sykkylven var mellom topplag i fotballkrinsen, slik også Sunnylven/Stranda var. Begge ligg no frå midt på tabellen i 4. divisjon og nedover.

Det var ekte haustver på Hellesylt stadion tysdag. Domar Ullahamar bles fort av ved full tid.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380