Premiefest for fotballtalent

Sunnylven IL fotball engasjerer mange born og unge. Søndag fekk rundt 60 fotballtalent sine premiar etter ein lang fotballsesong.
Det blenkte frå ei lang rad fotballstatuettar på scena i Sunnylven samfunnshus då Sunnylven Fotball heldt premiefest for yngres avdeling. Heile 60 spelarar eller 80 prosent av alle elevar ved Sunnylven skule hadde spela på fotballag, fire jentelag og fire guttelag. Søndag vart alle kalla på scena og tildelt sine blankt bevis for flott innsats gjennom sesongen.
Fotballgruppa i Sunnylven IL har ikkje hatt leiar i år. Men medlemane i gruppa har fullført sesongen for åtte lag med god hjelp frå trenarar, oppmenn og ikkje minst foreldre som har stilt på og køyrd til kampar. Åse Støverstein delte ut verbal ros også til dei som hadde jobba i kiosken, stilt på som dommarar, til heiagjengen og elles alle som hadde teke del for å gjennomføre kampar på Hellesylt stadion.
Geir Frøysa leia premiefesten. Han tykte det var flott at ei så lita bygd kunne stille åtte fotballag i serie og turneringar. –Det er heilt utruleg at ei så lita bygd har så stor aktivitet på Hellesylt stadion. I Sunnylven driv vi også med anna enn fotball, sa Frøysa.
Fotballsesongen er ikkje heilt slutt for eitt av laga. G-16 skal delta under innandørs-KM i fotball i Strandahallen i slutten av november. Spelarane kjem frå alderstrinn frå 14 til 16 år.