Siste tur for Bolsøy i år

Siste dag i turistruta Hellesylt – Geiranger for mannskapet på Bolsøy. Litt vemodig tykte dei, men damene heldt humøret oppe med å markere halloween.

Tysdag 31. oktober pløgde turistferja Bolsøy fjorden mellom Hellesylt og Geiranger for siste gong i år. Litt vemodig var kommentaren frå mannskapet.

Turistferja Bolsøy starta sesongen 1. mai og gjekk i rute ut oktober i år. I juni, juli og august hadde cruiseveteranen selskap av Veøy, også det ei turistferje med dei rette formene.

Trafikken med turistferja har auka i år i høve til sesongen i fjor. Og sjølv om Geirangerfjellet vart stengt grunna snø nokre dagar på slutten av sesongen var det bra trafikk med ferja likevel, blir det fortalt. Det var auke i oktober i høve til i fjor.

I løpet av turistsesongen har Bolsøy gjort heile 706 turar, eller 1412 gonger att og fram, medrekna gratistur til støttekonsert i Geiranger kyrkje. På fjordturen her passasjerane fått sett dei kjende naturattraksjonane som Brudesløret, Friaren og Dei sju systre, og sett folk «kravle» seg opp til fjord –og fjellgardar som Skageflå, Knivsflå og Blomberg. Det har vore dagar med sol, regn, kanskje tåke og vind, men frå båtdekket har turistane late seg imponere over den fantastiske naturen og foreviga opplevingar med video og fotokamera. Sesongen har vore av dei beste, får vi oss fortalt.

Tysdag 31. oktober var den lange sommaren slutt. Klokka 15.30 la Bolsøy, bygd midt på 70-talet frå kai på Hellesylt for å gå til Geiranger for aller siste gong i år. Der i frå skulle båten gå til Flåm for å ligge i opplag gjennom vinteren og til litt vedlikehald og oppussing. Turistferja kan vere tilbake alt om fem og ein halv månad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380