Sluttrapport frå Hellesylt Hydrogen Hub
Hellesylt Hydrogen Hub har lagt fram sluttrapporten om klimasatsings-prosjektet. Ein omfattande rapport på heile 64 sider.
Innleiingsvis i rapporten takkar prosjektleiar Inge Bjørdal alle som har delteke i arbeidet. Det er lagt ned ein betydeleg dugnadsinnsats og tilbakemeldingar går på at det har vore eit interessant prosjekt som alle har fått fagleg utbytte av, skriv Bjørdal. Forprosjektet vart støtta økonomisk med 250.000.- frå Miljødirektoratet og 136.100.- av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Prosjektet har fått stor merksemd både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Men på det tidspunkt sluttrapporten er skriven ferdig har det ikkje lukkast å få signal frå aktuelle aktørar om framtidig leveransar av hydrogen som sikrar dei investeringar som produksjon og levering vil krevje. Årsakene er nok at det ser ut til å råde ei viss usikkerheit om det skal satsast på hydrogen eller batteridrift, står å lese i rapporten.
Hydrogen til den maritime transporten på Verdsarvfjorden og ansvaret for ei utvikling i retning ei låg –og nullutsleppsframtid for fjordbåttrafikken i eit verdsarvområde kviler på politikarane, heiter det i den grundige sluttrapporten frå Hellesylt Hydrogen Hub.
Deltakarar på hydrogenmøtet på Hellesylt i juli, frå venstre Terje Engvik, Inge Bjørdal, Oddbjørn Brunstad, Knut Olav Tveit, Lars Petter Øye, Terje Årdal og Thor Gunnar Hovlid.