Spelar i Lensmannsstova

Folkemusikar Britt Pernille Frøholm held konsert i Lensmannsstova på Lillebø, Sunnylven fredag 20. oktober.
Britt Pernille Frøholm er folkemusikar og kjem frå Hornindal i Nordfjord. Fredag 20. oktober blir det konsert på både fele og hardingfele og på repertoaret står folkemusikk både frå Nordfjord og Sunnmøre. Britt Pernille har vore med i fleire musikkgrupper og gjeve ut fleire plater, ei av dei for kort tid sidan.
Folkemusikaren som er fødd (1978) og oppvaksen i nabobygda Hornindal har gjesta Sunnylven fleire gonger med konsertar både i Lensmannsstova og intimkonsert ved Sunnylven omsorgssenter saman med Irene Tillung på akkordion. Denne gongen held ho konsert åleine.
Under arrangementet i Lensmannsstova blir det sal av kaffi og sveler. Billettpris er vaksne kr. 200.-, pensjonistar kr. 150.-, og born kr. 100.-. Påmelding til Synnøve Hjellbakk Hole, mob. 909 51 185.