Spør om legetenesta i Sunnylven
I ein interpellasjon til kommunestyremøtet 19. oktober, spør kommunestyrerepresentant Knut Dag Langeland, Stranda Ap om legetenesta i Sunnylven. Den er frå august redusert frå to til ein kontordag på Hellesylt.
Interpellasjon til kommunestyremøtet 19/10-2017.
Kun ein legedag ved Hellesylt legekontor.
Viser til oppslag i Sunnmøringen 17/08-2017 der kommuneoverlegen i Stranda uttalar at Hellesylt legekontor f.o.m. august berre vert ope ein dag i veka.
Tidlegare har ein hatt 2 legedagar på Hellesylt, tirsdag og fredag. Sjukeheimspasientane har hatt 2 onsdagar i månaden og helsestasjonen har hatt ein eigen dag i månaden til disposisjon.
No er det lagt opp til at sjukeheimspasientane, bebuarane i 2 -og 3 etg, bebuarar i omsorgbustadane ved Sunnylven omsorgsenter og brukarane i den heimebaserte tjenesta vert prioriterte. 3 klokketimar fast, er avsett til dette Det er personalet ved omsorgsenteret som fredagen før legedag tingar legetime.
Treng ein meir tid enn det som er oppsett, vert desse prioriterte. Ønskjer pårørande til brukarane å snakke med legen om helsetilstanden til pasienten, vert også desse prioriterte før ordinære pasientar. I tillegg til dette skal det også avviklast lovpålagde pauser.
Stranda AP meinar denne prioriteringa er rett, men det kan ikkje vere slik at det ikkje er tid igjen for ordinære pasientar. Når folk ringjer og skal bestille seg ein legetime, er det første spørsmålet ein får: Har du høve til å køyre bil ? Er svaret ja, då vert legetimen lagt til Stranda.
At svært mange no må ta turen til Stranda for å gå til lege eller sjukesøster / helsepersonel, gjer at fråveret frå skule og jobb vert mykje lengere enn før. Økonomisk -og miljømessig er det også eit dårleg forslag med kun einlegedag på Hellesylt. Legen bur på Hellesylt og då er det enklare at ein sjukepleiar køyrer frå Stranda ein dag ekstra, enn at pasientane køyrer eller må ta drosje t / r .
Dersom ein skal ta nokre sting, ei B-12 sprøyte eller eit sårbytte som berre tek nokre få minutt å få utført, skal ein altså måtte ta seg fri minimum 2 timar for å gjere dette på Stranda.
At unge legar ønskjer og treng å jobbe i eit større felleskap er forståleg, men med dagens teknologi og tre dagar ilag med legane på Stranda går nok dette bra.
Kvifor endre på noko som i mange år har fungert godt ? Legekontoret står der og utgiftene er dei samme med ein eller to dagar i veka.
Stranda AP meinar det er kommunestyret og ikkje administrasjonen som bestemmer kor mange dagar eit legekontor skal vere ope for innbyggjarane.
Forslag til løsning:
Stranda AP vil oppretthalde to legedagar i veka ved Hellesylt legekontor.
Med vennleg helsing
Knut Dag Langeland
Stranda AP.