Startar utsiktsrydding

Ved Hellesyltfossen er mykje utsikt vekke grunna frodig lauvskog. Fredag startar arbeidet med rydding.

Etter søknad fekk Hellesylt Næringslag i 2016 innvilga tilskot til utsiktsrydding. Fredag startar ryddearbeidet ved ei av naturperlene i Sunnylven.

I 2016 innførte Landbruks –og matdepartementet ei ordning med tilskot til rydding av kulturlandskap, vegkantar og utkikkspunkt av særleg verdfull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side. Hellesylt Næringslag sende inn søknad på rydding av områder kring Hellesylt sentrum og mot Bygda frå Korsbrekke til Stadheim og fekk tildelt eit tilskot på 245.000.- kroner. Det var 70 prosent av kostnadsoverslaget. Frist for å utføre arbeidet var ut 2018.

Nyleg kalla Hellesylt Næringslag inn til møte der det vart bestemt at fredag 20. oktober startar arbeidet med skogrydding kring Hellesyltfossen, fortel Bente Bonsaksen på telefon. Dugnadsgjengen består av medlemer frå Sunnylven Pensjonistlag saman med profesjonelle med motorsag og anna ryddeutstyr. Fyrste dugnadsdag er fredag, og ryddejobben  vil halde fram også måndag, seier Bente som førebur servering til arbeidslaget.

Om andre har tid og lyst å vere med på ryddedugnad er det berre å møte opp, seier Bente Bonsaksen.

Les også; http://www.hellesylt.info/2016/12/treng-hjelp-med-utsiktsrydding/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380