Støttekonsert med «kommunalt artistgalleri»

Komande helg er det TV-aksjonen 2017 der innsamlinga går til organisasjonen UNICEF. I Stranda kommune er det meste klart, fortel komitemedlem Aud Tomasgard Berstad.

Søndag kjem bøsseberarar rundt i alle bygdelaga. I Sunnylven er det medlemer frå Hellesylt Ungdomslag som går frå hus til hus med innsamlingsbøsser.

Årets innsamling i Stranda startar alt på laurdag 21. oktober med støttekonsert i Geiranger kyrkje. Dit har komiteen sikra seg gode song –og musikkrefter, nærmast eit artistgalleri frå heile kommunen.

Konserten i Geiranger kyrkje startar klokka 15.00 laurdag. Og for tilreisande med ferja til turistbygda blir det høgdepunkt vert å få med seg. Ferjeturen inn Verdsarvfjorden er gratis denne dagen og har avgang klokka 12.30 frå Hellesylt. Der blir det underhaldning og kanskje overraskingar, får vi opplyst.

Programleiarar under konserten i Geiranger kyrkje er Maren Frøysa Os og Julie Mjelva , billettpris vaksne kr. 100.- born kr. 50.-. Turistferja Bolsøy går tilbake frå Geiranger til Hellesylt klokka 17.00.

Bli med på støttekonsert med mange gode aktørar, mellom anna frå Stranda kommunale kulturskule.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380