Trimmarar fekk gåvekort og diplom

Turveret var ikkje alltid like bra i sommar så trimgruppa venta ein nedgang i antall registreringar på trimpostane. Nedgangen vart mindre enn frykta.
Søndag 28. oktober var det premiering i fjelltrimmen i Sunnylven IL. Også i år hadde trimgruppa gåvekort frå G-sport til utdeling. Dei gjekk til trimmarar etter loddtrekning mellom dei som hadde levert inn trimskjema. Her er vinnarane;
Born alle postar, verdi 500.- kroner : Kristin Langeland
Born meir enn ti postar, verdi 300 kroner: Fredrik Fivelstad Stadheim. Kasper Ringdal
Born, levert trimskjema, verdi 200.- kroner: Ronja-Mari Tronstad
Vaksne alle postar, verdi 500.- kroner: Lars Fivelstad
Vaksne meir enn ti postar, verdi 300.- kroner: Jostein Hole. Nina Øie Hole
Levert trimskjema, verdi 200.- kroner: John Ringdal
Det vart i tillegg delt ut diplom til alle born som hadde levert inn trimskjema. Nye trimskjema for 2018 er å få kjøpt på Coop Marked, opplyste leiar i trim/friidrett, Jostein Ringdal. Angåande deltaking i fjelltrimmen 2017 opplyste Ringdal at det var ein liten nedgang i registreringar i høve til året før. I 2016 var det samla notert 13220, mot 12880 registreringar i 2017.